Når du trykkjer på alarmknappen, går alarmen til Responssenteret på Otta. Helsepersonell vil prate med deg gjennom høgtalaren på den stasjonære tryggleikssalarmen, og vurdere om det er behov for at Heimetenesta besøkjer deg. Om ei samtale ikkje er mogleg gjennom Responssenteret, vil helsepersonell i Heimetenesta få beskjed (via mobiltelefon) om at alarmen din er utløyst. Responssenteret fylgjer opp alarmen til oppdraget er utført.
Det finst og ulike tilleggsutstyr til tryggleiksalarmen. Dette kan vere dørsensor, fallsensor, tråkkesensor og røykvarslarar. Dette er trådlause sensorar som kan gje varsel om ulike situasjonar og etter fastsette tidspunkt.
Bilete av tryggleiksalarm
Anita Stokstad
Kva slags fordelar kan ein tryggleiksalarm gje deg?
Installering av tekniske løysingar kan gje deg betre tryggleik i heimen. Målet med velferdsteknologiske løysingar er å hjelpe deg til å bli så sjølvhjulpen som mogleg, og at du meistrar din kvardag i størst mogleg grad. Det kan og gje dine pårørande auka tryggleik.
Kvar henvendar du deg for å få tryggleiksalarm?
Tildelingskontoret tlf : 91 13 43 58/45 31 24 51
Søknadsskjema for tildeling av tryggleiksalarm (PDF, 128 kB)