Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Omsorgsbustader

Vågå kommune har omsorgsbustader på ulike adresser. Søknad om omsorgsbustad kan sendast til Tildelingskontoret, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå.

Søknadsskjema

Prisliste for omsorgsbustader

 

Vilkår for tildeling av omsorgsbustad:

Omsorgsbustader blir tildelt etter individuell vurdering med utgangspunkt i søkjaren si funksjonshemming, sjukdom og/eller alder.

Søkjarar blir prioritert ut frå om:

  • Eigen bustad er ueigna, og vanskeleg å tilretteleggje
  • Brukar kan oppretthalde og/eller betre sine funksjonar og sjølvstende ved å flytte til omsorgsbustaden
  • Funksjonsnivå og livskvalitet kan bli betre ved auka tryggleik og nærleik til tenester
  • Det sosiale nettverket er lite og fører til isolasjon
  • Personar med fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som treng å bu i bustad med tilgjengeleg personell

Bustøtte:

Brukar har rett til å søkje om bustøtte, som er ei behovsprøvd statleg støtteordning for personar med låg inntekt og høge bukostnader. Bruk denne lenka for å komme til ei side der du kan rekne ut om du kan få bustøtte

Ta kontakt med servicetorget, tlf 61 29 36 00, for hjelp og rettleiing