Følgjebevis for funksjonshemma
Følgjebevis er eit tilbod til fysisk eller psykisk funksjonshemma som treng følgje på ulike aktivitetar, til dømes buss, kino og konsert. Følgjebeviset blir utstedt til den funksjonshemma og skal gje personen som følgjer fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel.
Vilkår for å få tenesta
- Varig funksjonshemming, minimum 2 år.
- Må ha fylt 8 år. Tildeling av følgjebevis til personar under 8 år skjer etter særskild vurdering.
- Fysisk funksjonshemming
- Hørselshemming
- Synshemming
- Psykisk utviklingshemming
- Skjult funksjonshemming som t.d. alvorlege psykiske lidingar
- Hjerte/lungesjukdom, allergi og liknande
Praktiske opplysingar
- Brukar må samtykke til at kommunen kan innhente nødvendige opplysningar for å få behandla saken, til dømes frå fastlegen. Bruk vedlagte søknadsskjema og samtykkeerklæring.
- Brukar må legge ved passfoto i søknaden.
- Må ha bustadadresse i Vågå for å søkje om tenesta
Søknadsskjema (PDF, 128 kB)
Publisert av Roar Strand
Sist endret 03.12.2019 14.46