Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Følgjebevis for funksjonshemma

Følgjebevis er eit tilbod til fysisk eller psykisk funksjonshemma som treng følgje på ulike aktivitetar, til dømes buss, kino og konsert. Følgjebeviset blir utstedt til den funksjonshemma og skal gje personen som følgjer fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel.  

Vilkår for å få tenesta

  • Varig funksjonshemming, minimum 2 år. 
  • Må ha fylt 8 år. Tildeling av følgjebevis til personar under 8 år skjer etter særskild vurdering. 
  • Fysisk funksjonshemming
  • Hørselshemming
  • Synshemming
  • Psykisk utviklingshemming
  • Skjult funksjonshemming som t.d. alvorlege psykiske lidingar
  • Hjerte/lungesjukdom, allergi og liknande

Praktiske opplysingar

  • Brukar må samtykke til at kommunen kan innhente nødvendige opplysningar for å få behandla saken, til dømes frå fastlegen. Bruk vedlagte søknadsskjema og samtykkeerklæring. 
  • Brukar må legge ved passfoto i søknaden.
  • Må ha bustadadresse i Vågå for å søkje om tenesta

Søknadsskjema (PDF, 128 kB)