Nedsett konsesjonsgrense og buplikt

Vedtak i kommunestyret 15.12.2022, sak 66/2022.

Tilleggsmerknad til vedtaket:

"Vi legg til grunn for vedtaket at det er etterspurnad etter bustader og gardsbruk i heile kommunen. Det er viktig for busettinga i Vågå at hus og gardsbruk som er eller har vore nytta som bustad også i framtida blir nytta til føremålet. Vi legg og til grunn for vedtaket at det er vanskeleg å finne nye byggeområde p.g.a. naturfare og dyrkamark i store delar av kommunen."

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1 vert sett ut av kraft for Vågå kommune for eigedomar som vert omfatta av gjeldande forskrift samt punkt i dette vedtaket.

Komplett forskrift vil då lyde

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for Vågå kommune for ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Vågå kommune for:

- Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad

- Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i område som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

III

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1 vert sett ut av kraft for Vågå kommune for eigedomar som vert omfatta av punkt I og II i denne forskrifta. Forslag til endring av forskrift om nedsett konsesjonsgrense blir lagt ut på 6 vekers høyring.