Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Lalm bustadfelt

Foto: Terje Kleiven

Ledige tomter Lalm (JPG, 398 kB)

Tettstaden Lalm ligg 15 km aust for kommunesenteret Vågåmo, og med 17 km til regionsenteret Otta. Lalm har eigen daglegvarebutikk, sykkelbutikk med verkstad, handverksenter, næringspark, barnehage, samfunnshus og eit fantastisk anlegg for ei rekkje idrettsaktivitetar, god folkehelse og god trivsel.

Det er fleire tomter i den nyare delen av bustadfeltet på Lalm, der infrastrukturen ligg klar, men der det førebels er byggestopp fordi tomtene ligg innanfor skredsonekartet. Kommunen har i januar 2023 teke initiativ til å få vurdert ei sikring av området, med håp om at tomtene kan bli "friskmelde" i løpet av hausten 2023.

Tomteprisar Lalm - indeksregulert pr. januar 2023 (1) (DOCX, 14 kB)

Utviding av Lalm bustadfelt - kommunestyrevedtak 013 2001 (PDF, 100 kB)

Reguleringsføresegner nytt bustadfelt på Lalm - 1997 (PDF, 104 kB)