Innbyggarundersøking 55+ - Vi treng fleire svar

Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen ønskjer å få innspel på kva du som innbyggjar ønskjer for eigen alderdom i framtida. Vi spør personar som er 55+ og difor kan nokre av spørsmåla framstå som mest aktuelle langt fram i tid.

NB! Vågå har fått inn litt få svar samanlikna med dei andre kommunane i norddalen, og vi oppmodar personar i aldersgruppa 55+ til å svar på undersøkinga.

Med denne moglegheita kan du bidra til å påverke eigen alderdom, då dei svara og data vi får ut av undersøkinga kan bli nyttiggjort i kommunane si samfunnsplanlegging.

Nokre døme: Kvar vil du bu? Kva tenester trur du at du vil ha bruk for? Kan velferdsteknologi bidra til at du kan bu lengre i eigen heim?

Du kan svare på spørjeundersøkinga både på PC og mobil.

Lenke til spørjeundersøkinga