Korleis opplever du som innbyggar reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen?Nord‑Gudbrandsdalen arbeider målretta for å bli resertifisert som Berekraftig reisemål. Dette er eit langsiktig arbeid som handlar om å utvikle reiselivet på ein måte som tek vare på naturen, lokalsamfunna og dei unike stadene vi bur på.For å lukkast treng vi kunnskap om korleis reiselivet faktisk blir opplevd av dei som kjenner regionen best – nemleg innbyggjarane.Vi vil høyre frå deg!No inviterer vi alle innbyggjarar i Vågå til å svare på ei kort spørjeundersøking. Dine svar gir verdifull innsikt i korleis reiselivet opplevast lokalt, og kva som skal til for at utviklinga skal vere positiv for både innbyggjarar, natur og næringsliv.Undersøkinga tek berre nokre få minutt å gjennomføre, og som deltakar blir du med i trekninga av:to billettar til Gjendebåtento årskort til Galleri UllinsvinFrist 6. aprilDelta her påInnbyggerundersøkelsen 2026: https://no.surveymonkey.com/r/Innbyggerundersokelse2026 Vi håpar du vil ta deg tid til å dele dine erfaringar – det betyr mykje for arbeidet med ei berekraftig framtid for reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen.Du kan lese meir om ordninga Berekraftig reisemål her:Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning Publisert av Live Brimi Sist endret 23.04.2026 09.48
Slik gir du til TV-aksjonen 2025 - Digital innsamling i Vågå - 19 oktober I år har Vågå kommune valt å gjennomføre innsamlingsarbeidet digitalt. Det betyr at du enkelt kan gi ditt bidrag via mobil, nett eller bank – når det ... Publisert 17.10.2025 kl. 08.49
Nyheitsbrev for næringslivet oktober 2025 Ny utgåve av nyheitsbrevet for næringslivet i Vågå er no tilgjengeleg! Publisert 16.10.2025 kl. 13.03
Bli med på – Pizza og bowling på Klubben i Vågå Prosjektet “Bli hjå oss” som inkludererer Skjåk, Lom og Vågå kommune inviterer til ein uformell og koseleg kveld med pizza og bowling på Klubben i Våg... Publisert 15.10.2025 kl. 10.09
Høyring - Trafikktryggleiksplan 2025-2029 Vågå kommune Vågå kommune har utarbeidd ny Trafikktryggleiksplan for perioden 2025–2029, og legg no planen ut på offentleg høyring.Trafikktryggleiksplan Vågå kommu... Publisert 25.09.2025 kl. 08.28
Nyheitsbrev til næringslivet - september 2025 Nå er nyheitsbrevet for september tilgjengeleg. Publisert 22.09.2025 kl. 10.07
Informasjonsmøte om Grindstugulego burettslag – seniorbustader midt i Vågå sentrum Vågå kommune inviterer til informasjonsmøte om det nye bustadprosjektet Grindstugulego burettslag onsdag 24. september kl. 18.00 på Frivilligsentralen... Publisert 17.09.2025 kl. 14.05
Nyheitsbrev frå Næringsavdelinga august 2025 Nyheitsbrev frå næringsavdelinga – få det rett i postkassa! Publisert 27.08.2025 kl. 15.29
Ny regional beredskapskoordinator Rolv Atle Mallaug er tilsett i den nye stillinga som regional beredskapskoordinator for Nord-Gudbrandsdalen. Mallaug, som kjem frå stillinga som polit... Publisert 22.08.2025 kl. 15.43
Hjartesone - gjer deg og barnet ditt klare til skulestart Hjartesone er eit tiltak som Trygg Trafikk, Statens vegvesen og Innlandet fylkeskommune samarbeider om. Publisert 25.07.2025 kl. 17.13
Høyring: Forslag til forskrift om unntak frå tidsfrist for saker som krev oppmålingsforretning i Vågå kommune (vinterforskrift) Frist for å sende oss innspel: 3. september 2025.Vågå kommune legg med dette ut forslag til lokal forskrift om unntak frå tidsfrist for saker som krev ... Publisert 22.07.2025 kl. 13.56
Kå keinn e gjera - med restane frå i går? Anna og Idunn viser kor lett – og godt – det kan vere å bruke restemat! I denne episoden tryllar dei fram ein superenkel rett med slappe grønsaker, eg... Publisert 04.07.2025 kl. 12.35
Elgkalven Trampe - meld frå ved sjuke og daude dyr Det blir færre elgkalvar i Norge og ein del kalvar er sjuke og små. Forskarane vil finne ut kvifor det er slik. Forskningsprosjektet Elgkalven Trampe ... Publisert 03.07.2025 kl. 09.48
Statnett skal byte flymarkør og dempe resten av spennet frå Vågåvatnet, og opp til toppen av Prestberget Arbeidet vil skje frå fredag 4. juli kl. 12.00 til måndag 7. juni kl.15.00. Publisert 30.06.2025 kl. 14.20
Ny tilskotsordning for friluftsliv i Innlandet, retta mot kommunar og friluftsråd Fylkesutvalet har vedteke å starte eit toårig prosjekt som skal bidra til å skape fleire gode og tilgjengelege uteområde for alle i nærmiljøa rundt om ... Publisert 27.06.2025 kl. 09.14
Tverrfagleg samarbeid i Nord-Gudbrandsdal: Kamp mot utanforskap Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja jobbar saman i eit utviklingsarbeid for å styrke det tverrfaglege samarbeidet for å gje gode løysingar til innbyggjarar ... Publisert 23.06.2025 kl. 09.47
"Kå keinn e gjera" – Ein filmserie om små grep for eit meir berekraftig Vågå Vågå kommune tek grep for klima og energi! Publisert 02.06.2025 kl. 10.24