Velkomne til avduking av kunst i sentrum
Velkomne til avduking av kunst av Orsolya Haarberg i Vågåmo sentrum med kunstnaren og ordførar Harald Sve Bjørndal.
Kva: avduking av fire naturfotografi i stort format med ordførar, kunstnar og med musikalsk innslag.
Kva tid: Måndag 29. juni, klokka 14.00
Kvar: ved plakatstativet ved kommunehuset.
Frå gamal plakkattavle til ny attraksjon. Kom og sjå Vågå i eit poetisk lys. Fire naturfotografi av Orsolya Haarberg skal vere med å lyfte sentrum visuelt. I bilda blir bygda synt fram med eit drøymande skydekke og ljos. Her kan du stå midt i sentrum, og få opplevinga av å vere til fjells.
Offisiell avduking ved ordførar Harald Sve Bjørndal. Musikalsk innslag ved Annbjørg og Kristin Akslen Hagen.
Velkomne!
Publisert av Kjersti Frackmann Strass
Sist endret 25.06.2026 12.38