Ei ny undersøking frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) dokumenterer korleis elgen vandrar mellom vinter- og sommarområde over store delar av tidlegare Oppland. Heile 86 prosent av dei GPS-merkte elgane i studien flytta mellom ulike sesongområde, og fleire av dyra kryssa fleire kommunegrenser i løpet av året. Nokre var innom så mange som åtte kommunar og forflytta seg over 100 kilometer.
Elgprosjektet i Oppland har vore eit samarbeid mellom kommunane Vågå, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Gausdal, Lillehammer, Gjøvik, Nordre Land, Etnedal, Nord-Aurdal og Øystre Slidre. I tillegg har mellom anna fjellstyre, grunneigarar og Innlandet fylkeskommune delteke i prosjektet.
Prosjektet har gitt ny og viktig kunnskap om korleis elgen nyttar landskapet, og viser at ei god elgforvaltning krev samarbeid på tvers av kommunegrenser. Resultata vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag i framtidig arbeid med forvaltning av elgstamma, arealbruk og ivaretaking av viktige trekkruter.
Vil du lese meir?
Du kan lese både artikkelen frå NINA og heile sluttrapporten gjennom lenkene under.