Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.
For å bli med på Sommerles.no går du inn på nettsida frå 1. Juni og lagar deg ein eigen profil saman med ein vaksen. Ein føresett må godkjenne at du skal delta, og dokker må bruke e-postadressa til den føresette ved registrering. Viss dokker treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket. Så er det berre å lese i veg! God sommar med Sommarles.no!
Flyer Sommarles