Om rus- og psykisk helsetenestePsykisk helseteneste er ei lågterskelteneste for deg som treng nokon å snakke med. Tenesta er gratis, og du kan ta direkte kontakt sjølv — eller få hjelp frå fastlegen din, helsesjukepleiar eller andre til å ta kontakt.Vi har kontortid måndag til fredag kl 8.00 – 15.30. Vi tek kontakt så snart vi kan — og seinast innan 3 veker. Dersom situasjonen krev det, får du time tidlegare. Du får ein fast kontaktperson og tilbod om 2 - 3 kartleggingssamtalar, der vi saman ser på kva som er viktig for deg akkurat no.Utanom opningstida lyt ein ved behov ta kontakt med legevakt på telefon: 116 117.Målgruppa hjå rus- og psykisk helseteneste er i hovudsak alle over 18 år som bur og oppheld seg i Vågå kommune. Vi samarbeider med helsestasjonen, og i nokre tilfelle tek vi imot personar i ungdomsskulealder. Kva gjer vi?Kartlegging og oppfølging av personar med psykiske lidingar/utfordringar og rusproblematikkBidra til god livskvalitet for pasienten. Arbeidet skal fremje sjølvstende og meistring av kvardagen og daglege gjeremålIndividuell samtalebehandlingUtarbeiding og oppfølging av Individuell plan og/eller behandlingsplanTreningsgruppe ved Vågå TreningssenterUtandørs turgruppeHUSET: Møteplass for sosialt samvær og ulike aktivitetar for våre brukararRettleiing og rådgjeving til pasient og pårørandeHeimebesøk ved behovSamarbeid om FACT-teamVi samarbeider tverrfagleg med fleire ulike tenester; Nav, DPS, helsestasjonen, lege, heimetenesta, barnevern og fleire ved behov.Kommunepsykologen bistår rus- og psykisk helseteneste med rettleiing og deltek i tverrfaglege drøftingar.Tenesta har journalføringsplikt. Tenesta er lovpålagt, gjennom mellom anna Helse- og omsorgstenestelova § 3—3. Psykososialt kriseteamVågå kommune har psykososialt kriseteam som består av helsepersonell eller andre aktuelle ressurspersonar etter behov. Dei tilsette i Rus- og psykisk helseteneste er ein del av dette kriseteamet. Les meir om psykososialt kriseteamPakkeforløp for psykisk helse og rusPakkeforløp for psykisk helse og rus skal gi pasienter heilskapleg og forutsigbare utrednings- og behandlingsforløp, utan unødig ventetid. Frist for utgreiing er ordinært 6 veker, og ved behov utvida med 6 veker. Etter at diagnose er gitt blir behandlinga evaluert etter 6 veker, for så å bli evaluert kvar 12. veke.Les meir om pakkeforløpSom eit skadereduserande tiltak, har vi i samsvar med smittevernlova gratis utlevering av brukarutstyr for rusbrukarar. Kontakt helsesenteret. Sist endret 18.05.2026 15.24