Pasientforløp for psykisk helse og rusNasjonale pasientforløp skal sikre deg eit heilskapleg og føreseieleg behandlingsløp, utan unødig ventetid. Du skal bli høyrd, få vere med og bestemme, og behandlingsplanen blir vurdert undervegs.Slik blir du vist vidare til pasientforløpEit pasientforløp startar ved at fastlegen eller ein annan som kan henvise, sender ei henvising til spesialisthelsetenesta, som regel eit sjukehus. Når spesialisthelsetenesta har gjort ei vurdering av henvisinga di og konkludert med at du har rett til hjelp, vil du få eit brev med innkalling til samtale.Vidare planlegging av utredning og behandling skjer i samarbeid med deg. Det er kommunens ansvar å sikre at du får nødvendig oppfølging medan du ventar på eventuell behandling i spesialisthelsetenesta.Korleis blir behandlinga tilpassa deg?Du er involvert i alle avgjersler.Du får ein behandlingsplan der mål og oppfølging blir avtalt saman med deg.Har du behov for det, kan du få ein individuell plan (IP) for å samordne fleire tenester over tid.Du får vite om relevante brukar- og pårørandeorganisasjonar som kan støtte deg.Du har rett til å velje behandlingsstad blant dei som har avtale med helseføretaka.Kva er viktig for deg?Du skal bli spurt om kva som er viktig for deg i behandlinga, og det er viktig at du seier frå viss du ikkje opplever å bli høyrd.Oppfølging og samarbeidBehandlinga skal skje utan unødig ventetid og i samarbeid med andre tenester ved behov.Pårørande si rollePårørande er ofte ei viktig støtte og kan bidra med informasjon og støtte undervegs. Dei skal få god oppfølging, og barn og søsken som er pårørande skal takast særleg vare på.Pårørande kan også få kontakt med eigne pårørandetilbod og -organisasjonar for støtte og råd — dette er gratis og utan henvising. Ansvar for pakkeforløpFor barn/unge - personar under 16 år er ansvaret for forløpskoordinering lagt til Helsestasjonen.Helsestasjonen telefon 40 03 46 21 eller 40 03 51 39For personar over 16 år: For personar som allereie har oppnemnt ein koordinator eller kontaktperson i Vågå kommune, så er det denne som skal ivareta forløpskoordineringa. Koordinerande eining/Tildelingskontoret i Vågå kommune er forløpskoordinator for pakkeforløp innan psykisk helse og rus, der det ikkje allereie er oppnemnt koordinator/kontaktperson. Telefon til Tildelingskontoret 91 13 43 58. Sentralbord Vågå kommune 61 29 36 00Du kan lese meir om dette på Helsenorge.noOppgåver i det forløpskoordinerande arbeidet i kommuneninformere, rettleie og gi råd til pasient og eventuelt pårørande om pakkeforløp psykisk helse og russamarbeide med forløpskoordinator i spesialisthelsetenestasikre heilskapleg oppfølging med utgangspunkt i pasienten sine mål, ressursar og behovsikre god samhandling mellom aktørane i helsetenesta, samt andre relevante tenesteytararsikre samordning av tenestetilbodetinitiere, innkalle og eventuelt leie møte knytt til koordinering og eventuell individuell planfølge opp, evaluere og oppdatere individuell planførebu og koordinere aktuelle tiltak/tilbod i kommunen i god tid før utskriving, mellom planlagte opphald og under poliklinisk behandlingUlike pakkeforløpGravide og rusmidlerPsykiske lidelser – ban og ungerPsykiske lidelser – voksnePsykoselidelser, inkludert mistanke om psykoseutviklingRusbehandling (TSB)SpiseforstyrrelserTvang (OCD)Somatisk helse og levevanerDet er planlagt innføring av fleire pakkeforløp. For oppdatert informasjon, sjå Helsedirektoratet sine nettsider. Les meir på helsedirektoratet sine nettsider Les meir om pasientforløp på helsenorge.no Sist endret 18.05.2026 15.14