Psykososialt kriseteam

Kommunen har eit psykososialt kriseteam som består av helsepersonell eller andre aktuelle ressurspersonar etter behov. Dei tilsette i Rus- og psykisk helseteneste er ein del av dette kriseteamet.

Teamet bistår berørte og pårørande ved akutte kriser, uventa akutt dødsfall eller ulykker. Formålet er å yte emosjonell førstehjelp og gje støtte til meistring i akuttfasen.

Teamet bistår også kommunens kriseleiing ved ekstraordinære hendingar.

Det er normalt berre lege og legevakt som kan iverksette psykososialt kriseteam.

Telefonnummer til Vågå kommunes psykososiale kriseteam er:  966 10 193