Avlastingstilbod gjev pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver ei pause frå omsorgsansvaret. Det kan for eksempel vere aktuelt for foreldre til barn med store omsorgsbehov, eller for ektefelle/sambuar til ein person som treng mykje pleie og tilsyn.
Formålet med avlasting er både å gi den som gir omsorga, nødvendig kvile og fritid, og å sikre at omsorgsmottakaren får god omsorg i trygge omgjevnader.
- Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som er tidsavgrensa.
- Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering.
- Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering.
- Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering.
Hjelpa blir tilpassa behova dine, basert på faglege vurderingar. Vi utarbeidar ein plan for tenestene i samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande. Planen skal sikre at du får den omsorga og oppfølginga du har behov for.
Vidare kan vi og tilby:
- Ulike aktivitetstilbod
- Tilrettelegging av personlege merkedagar
- Tilbod om frisør og fotpleie (betalingsteneste)
- Hjelp med søknad om logoped
- Hjelp til innkjøp
Avlastning er eit tilbod til deg som har langvarig og tyngande omsorgsansvar, og kan gjevast anten i heimen eller ved at den omsorgstrengande får eit opphald i institusjon.
Du søkjer ved å sende inn ein skriftleg søknad til Lom og Skjåk tildelingskontor. Tildelingskontoret kan også hjelpe og rettleie deg i søknadsprosessen. Du finn meir informasjon ved å gå til Søk helse- og meistringstenester:
Søk helse- og meistringstenester
Avlastingsopphald er gratis.
Saksbehandling og vedtak
- Søknaden blir behandla individuelt av tildelingskontoret.
- Tildeling skjer i eit tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag.
- Du vil få skriftleg melding om vedtak.
Rett til å klage
Vedtak om tildeling og bortfall av plass kan påklagast.
Les om Klagerett
Sist endret 29.05.2026 09.44