Søk helse- og omsorgstenesterTreng du, eller nokon du kjenner, hjelp i kvardagen? Da kan du søkje om helse- og meistringstenester som er tilpassa din situasjon.Tildelingskontoret fattar vedtak om helse- og omsorgstenester ut frå gjeldande lovverk og kvalitetsstandardane til kommunen. Dei samarbeider tett med helsetenestene og andre som er viktige for å sikre god hjelp til brukarane.For å få vurdert søknaden vil Tildelingskontoret i dei fleste tilfelle foreta ei kartlegging ved eit heimebesøk. Det er ønskjeleg at nærmaste pårørande deltek under ei slik kartleggingssamtale. Det blir gjeve skriftleg svar på søknaden og det blir fatta enkeltvedtak på alle tenester som er forventa å vare utover 14. dagar.Slik kjem du i kontakt med ossTildelingskontoret har ikkje ope for drop-in, men vi kan avtale møte ved behov. Du kan få:Rådgjeving om tenesterHjelp til å fylle ut søknader eller klagarInformasjon om kva moglegheiter som finstTa kontakt for å avtale tid:E-post: tildeling@vaga.kommune.noTelefon: 453 43 573Nyttige dokument og skjemaSøknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 128 kB)Fullmakt (PDF, 94 kB)Kvalitetsstandarden (PDF, 412 kB)Samtykkeerklæring (PDF, 30 kB) Sist endret 25.03.2026 12.18