Demens

Om du sjølv eller ein av dine nære får problem med hukommelsen, eller andre symptom på demens, bør du ta kontakt med fastlegen din - telefon 61 29 37 00.

Kjenner du nokon som har byrja å gløyme nylege hendingar, gjentek historier eller verkar forvirra om tid og stad? Kanskje slit dei med å kjenne att folk, misser ferdigheiter dei tidlegare har hatt, eller opplever endringar i personlegdomen og dømmekrafta. Nokre får også vanskar med å klare seg sjølve i kvardagen.