Dagsenter for personar med hukommelsessvikt

Dagsenteret er eit tilbod for personar som bur heime og som anten er under utgreiing for hukommelsessvikt, eller har fått ein demensdiagnose.

Dagtilbod i Sjårdalen - Solhaug aktivitetssenter

På dagsenteret får brukarane vere saman i trygge og sosiale omgjevnader, med aktivitetar som skaper glede, trivsel og meining i kvardagen.

Målsettinga er å gje brukarane gode opplevingar, sosialt fellesskap og meiningsfulle aktivitetar som bidreg til å halde ved like funksjonsevne og livskvalitet. Tilbodet gir også pårørande ein verdifull kvilestund i kvardagen.

Telefonnummer til dagtilbodet: 951 31 498