Frivilligsentralen i VågåFrivilligsentralen i Vågå er ein open møteplass for alle som ønskjer sosialt fellesskap, vil bidra som frivillig eller har behov for praktisk og sosial støtte. Her møtest menneske på tvers av alder, bakgrunn og interesser.Kven er frivilligsentralen for?Frivilligsentralen er ein stad for:alle aldersgrupper og kulturardei som ønskjer å bidra, og dei som treng litt hjelpdei som vil vere ein del av eit sosialt fellesskap og gjere aktivitetar saman med andreKva gjer vi?Tiltaka ved Frivilligsentralen skal vere eit supplement til det offentlege tenestetilbodet – ikkje ei erstatning.Vår rolleFrivilligsentralen skal:leggje til rette for frivillig innsatsstøtte opp om eksisterande aktivitetarvere open for nye idear og hjelpe med å realisere deita vare på dei frivillige og sørgje for meiningsfulle oppgåverVi tek ikkje på oss oppdrag som erstattar offentlege eller betalte tenester.Vil du vere med?Er det noko som freistar? Eller har du idear til nye aktivitetar? Ta gjerne kontakt!Alle som har lyst, interesse og tid er velkomne – uansett alder.Aktivitetar Det blir arrangert eit breitt spekter av aktivitetar, mellom anna:SmåbarnskaféKafé og møteplass (tysdag og fredag)Bøy og tøy / sittedansGågruppe (med og utan rullator)BesøkstenesteBlomsterdamer på VågåheimenMatombringingUtkøyring av strøsandAllsonggruppe (Songfuglane)LeksehjelpSokkestrikkingFrivillig arbeid i Ting og Tøy-butikkenSeniordansSteinslipingVevstuguInternasjonal handarbeidskaféSkravlegruppe for innvandrarkvinnerAktivitetsdagar (torsdagar) Laster... Sist endret 11.05.2026 14.29