Sterkt engasjement for framtida i VågåBustader, frivilligheit og beredskap var blant dei viktigaste tema då innbyggjarar på Lalm, i Skogbygda og Skårvangen møtte kommuneleiinga til dialog om utviklinga i Vågå.Dialogmøta er ein del av satsinga Saman om framtida i Vågå, der kommunen inviterer innbyggjarane til å kome med innspel om tenester, beredskap og kommuneplanlegging.På Lalm deltok 13 innbyggjarar, medan 11 deltok på møtet for Skogbygda og Skårvangen. Begge stadene var det stort engasjement og mange innspel til korleis kommunen og lokalsamfunna kan utviklast vidare.Behovet for fleire bustader, sterke lokalsamfunn og gode møteplassar var blant tema som vart løfta fram. Frivilligheit og lokalt engasjement vart også trekt fram som viktige ressursar – både i kvardagen og som ein del av kommunen sin beredskap.Fleire deltakarar gav positive tilbakemeldingar på møteforma og ønskte fleire arenaer for dialog mellom innbyggjarane og kommuneleiinga.Oppsummeringane og innspela frå møta kan lesast på sida Saman om framtida i Vågå. Innspela blir tekne med vidare i kommunen sitt arbeid med å utvikle tenestene og planleggje for framtida.Har du innspel?Det er oppretta ei digital innspelskasse der du kan sende inn tankar og forslag dersom du ikkje har høve til å delta på møta.Send innspelMøtestadar og datoar:18. august: Lalm samfunnshus19. august: Skogbygda samfunnshus1. september: Vågå kulturhus15. september: Midtli grendahus16. september: Sjårdalen grendahus13. oktober: Tessand grendahusTidspunkt for møta: 18:00-20:15 Publisert av Marit Rolstad Sist endret 20.08.2026 16.18