Deltakarane var opptekne av utfordringane kommunen står overfor når det gjeld rekruttering og tilgang på arbeidskraft, særleg innan helse- og omsorgstenestene.
Fleire peika på at kommunen må vere tydeleg på eigne ambisjonar og vise retning for framtida. Det vart uttrykt bekymring for at mykje fokus på innsparingar og akutte utfordringar kan gjere kommunen mindre attraktiv både som arbeidsgjevar og som bustadkommune. Samtidig vart det framheva at førebygging og langsiktig tenking er viktig dersom kommunen skal lukkast over tid.
Barnehagane vart trekte fram som eit område der mindre tiltak kan ha stor verdi. Mellom anna vart det foreslått å sjå nærare på moglegheita for å tilby mat i barnehagen, både som eit førebyggjande tiltak og som eit bidrag til attraktivitet for familiar. Det vart også peika på at frivillige kan vere ein del av slike løysingar.
Frivilligheit var eit gjennomgåande tema gjennom heile diskusjonen. Deltakarane peika på at det finst mange ressursar i lokalsamfunnet som kan nyttast betre. Mellom anna vart det diskutert om personar som står utanfor arbeidslivet kan bidra med praktiske oppgåver, sosial støtte eller andre aktivitetar til nytte for fellesskapet.
Fleire meinte også at Frivilligsentralen har ei viktig rolle, og at det kan vere behov for å styrkje arbeidet med å rekruttere og koordinere frivillige. Samtidig vart det understreka at det krev ressursar å byggje opp og følgje opp frivillig arbeid.
Det vart vist til den langvarige ordninga med matombringing i Vågå som eit døme på korleis frivillig innsats over tid har gitt stor verdi for mange innbyggjarar.
Deltakarane var også opptekne av at alle kulturar og nasjonalitetar må inkluderast som ein del av fellesskapet. Fleire peika på at innvandrarar og personar med ulik bakgrunn representerer viktige ressursar som kommunen bør ta vare på og involvere.
Eit sentralt tema var forholdet mellom kommunale tenester og frivillig innsats. Nokre stilte spørsmål ved om helsepersonell i dag utfører oppgåver som i større grad kunne løysast av frivillige eller pårørande. Samtidig vart det understreka at dette krev god organisering og tydelege rammer.
Det vart også diskutert korleis nye frivillige kan rekrutterast. Eit forslag var å invitere personar som nærmar seg pensjonsalderen til dialog om kva dei kan bidra med. Fleire meinte dette kunne vere ein god idé, men at slike initiativ ikkje bør avgrensast til bestemte aldersgrupper. Mange kan ha både kapasitet og ønske om å bidra.
Mange opplever at det har blitt vanskelegare å rekruttere frivillige enn tidlegare. Samfunnsutviklinga kan ha ført til at færre ønskjer slike roller, samstundes som frivillige organisasjonar bruker mykje tid på å få med nye deltakarar.
Representantar frå både Skogbygda og Skårvangen fortalde om det omfattande dugnadsarbeidet som blir lagt ned for å halde grendehusa ved like. Dette arbeidet bidreg til å redusere kommunen sitt ressursbehov, samstundes som grendehusa fungerer som viktige møteplassar for frivilligheit, aktivitet og fellesskap i nærmiljøa.
Det vart også peika på at området har opplevd eit generasjonsskifte dei siste åra, noko som påverkar både behov, ressursar og framtidige utviklingsmoglegheiter.
Diskusjonen kom også inn på forventningane til heimetenesta. Fleire meinte det finst ulike oppfatningar blant innbyggjarane om kva hjelp kommunen skal yte. Det vart peika på at heimetenesta i større grad må prioritere dei som har størst behov, og at kommunen kan vere endå tydelegare i kommunikasjonen om kvifor slike endringar er nødvendige.