Meld frå om sjuke eller døde elgkalvar

Forskarar treng hjelp frå innbyggjarane i Nord-Gudbrandsdalen. Ser du ein sjuk eller død elgkalv, kan meldinga di bidra til viktig kunnskap om kvifor elgkalvar blir små, svake og døyr.

Prosjektet Elgkalven Trampe vart starta i 2024 for å undersøkje kvifor elgkalvar fleire stader i landet har låg tilvekst og auka dødelegheit. Prosjektet har fått støtte frå Innlandet fylkeskommune gjennom det fylkeskommunale viltfondet.

Så langt er 124 elgkalvar undersøkte. Førebelse resultat tyder på at mange av kalvane har døydd av underernæring i kombinasjon med infeksjonar. Forskarane arbeider vidare for å finne dei underliggjande årsakene.

I Innlandet har forskarane fått inn få elgkalvar til undersøking dei siste åra. Difor er dei avhengige av hjelp frå publikum for å få meir kunnskap.

Forskarane ønskjer melding om alle sjuke eller daude elgkalvar som blir funne innan ein radius på om lag 1,5 time frå Skjåk og Lesja. Nytt i år er at dei også ønskjer å undersøkje avliva kalvar som er vurderte som friske, til dømes etter påkøyrsler eller dersom mora er påkøyrd.

Slik melder du frå

Ser du ein sjuk elgkalv?
Ta kontakt med lokal viltforvaltning eller politiet på telefon 02800.

Finn du ein daud elgkalv?
Ta kontakt med ein av feltkontaktane nedanfor.

Feltkontakter

Skjåk

Vidar Vange

Lesja

Jakob Grothe

Emil Grothe

For meir informasjon om prosjektet Elgkalven Trampe, sjå Veterinærinstituttet sine sider.