Rovilt og kadaverfunn i Vågå og SelUtmarksbeite er ein viktig ressurs for landbruket i Sel og Vågå. Kvart år blir det sleppt om lag 17 500 småfe og 1 700 storfe i utmarka. Det blir brukt mykje ressursar på førebyggjande tiltak for å redusere tap av dyr.Her finn du rettleiing om kva du skal gjere ved kadaverfunn og rovviltobservasjonar, og kven du skal varsle.Når du finn eit kadaverGjer dette så raskt som mogleg:Noter posisjonBruk UTM-koordinatar (helst via Norgeskart, UT.no eller liknande). Google Maps kan vere unøyaktig i utmark.Ta bileteTa både nærbilete og oversiktsbilete av området.Merk funnstadenHeng opp noko synleg slik at rovviltkontakt lett finn att kadaveret.Dekk til kadaveretBruk stein eller kvist. Det er viktig å bevare kadaveret slik at dødsårsaka kan fastslåast.Ikkje flytt kadaveretLa det liggje der det blei funne.Varsling ved kadaverfunn og rovviltobservasjonarNår du har gjort funn eller observert rovvilt:Varsle eigar av dyretDersom du ikkje veit kven eigaren er, noter farge på øyremerke og funnstad, og kontakt landbrukskontoret.Varsle Statens naturoppsyn (SNO)Ta kontakt med lokal rovviltkontakt.Varsle landbrukskontoretRing vakttelefonen. Landbrukskontoret følgjer opp saka vidare og søkjer eventuelt om skadefelling.Rovvilttelefon i beitesesongenKommunal rovvilttelefon for Sel og Vågå er open på kveld og i helger i beitesesongen (ca. 10. juli–15. september). Telefon: 488 58 825Telefonen blir brukt til:varsling om rovviltmeldingar om kadaverfunnanna rovviltrelatert kommunikasjon utanfor arbeidstidKontaktinformasjonSel og Vågå landbrukskontor61 29 36 00RovvilttelefonI vaktperiode (Veke 24-veke34)Tlf: 488 58 825Utanom vektperiodeVågå: Laila Nersveen, 480 69 256 Sel: Torje Bjørke, 416 74 644Statens naturoppsyn (SNO)Øyvind Angard: 917 33 365Ole Knut Steinset: 464 48 657Nyttig informasjonDu kan laste ned ein steg-for-steg-guide for kva du skal gjere ved kadaverfunn:Last ned PDF (PDF, 609 kB) Sist endret 01.06.2026 08.55