Landbruks- og matdepartementet fastsette 26.juni 2026 endringar i jaktutøvingsforskrifta. Dette vart gjort på bakgrunn av behov for tilpassingar i forskriftsverket i samband med ny viltressurslova vart gjort gjeldande 1.juli 2026.
I den nye viltressurslova er det lagt inn forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (§ 26). I den gamle viltlova var ikkje restlysforsterkande og termiske siktemiddel omtalt, slike siktemiddel har derfor gradvis blitt meir brukt ettersom teknologien har vorte lettare tilgjengeleg og rimelegare. Det er sannsynleg at eit relativt stort tal hjort vart felt ved bruk av termiske siktemiddel i Vågå sist haust.
Ei av endringane i jaktutøvingsforskrifta er at kommunane har fått heimel til å fastsetje forskrift som opnar for restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i ope terreng (§ 29a., 4. ledd). Heimelen gjeld for å avverge alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som fylgje av høg bestandstorleik.
For å vurdere samordning av lokale forskrifter om restlysforsterkande og termiske siktemiddel på tvers av kommunegrenser er det tenleg med mest mogeleg like forskriftstekst mellom kommunane.
Dette for at det ikkje skal verte uoversiktleg for jegerar (og jaktrettshavarar) å halde seg orientert om kva regelverk som gjeld. Det vil derfor vere tenleg å nytte seg av tekstformuleringar som er i samsvar med dei departementet har nytta i jaktutøvingsforskrifta. Forskriftsteksten i høyringsforslaget er utarbeidd med dette som utgangspunkt.
Dokument i saka:
Oppsummering
Kommunedirektøren vurderer at faktagrunnlaget samla sett taler for at Vågå kommune bør opne for bruk av termiske siktemiddel ved jakt på hjort. Samstundes er det einskilde forhold som taler for at behovet ikkje er like stort som i kommunar med svært høye hjortebestandar, omfattande beiteskadar og svært mange trafikkulykker. Spørsmålet må difor vurderast ut frå føre-var-perspektivet og kommunen sitt langsiktig mål om å halde bestanden må dagens nivå og at bestanden ikkje må auke. Dette har vore ei målsetting sidan 2023 og sidan da har bestanden auka.
Kommunedirektøren si vurdering er at det blir viktig å halde oppe avskytinga for å unngå ein situasjon som i 2018-2024, med tilnærma ukontrollert auke i hjortebestanden. Bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel under ordinær jakt vil vere viktig for at jaktlaga skal greie å halde oppe ein høg avskyting/ fellingsprosent. Den høge avskytinga dei siste åra skyldast mellom anna at det har vore brukt termiske siktemiddel.
Kommunedirektøren innstiller derfor på at forslag til forskrift som opnar for bruk av restlysforsterkande siktemiddel og termiske siktemiddel i Vågå kommune skal leggast ut på høyring. På den andre sida vil ei meir effektiv hjortejakt ved bruk av termiske/ restlysforsterkande siktemiddel medføre auka krav til presisjonen i forvaltninga av hjortebestanden gjennom bestandsplanar/ kvoter.
Vågå kommune ber om innspel til høyringsforslaget.
Vi ønskjer særleg synspunkt på:
- Behovet for restlysforsterkande og termiske siktemiddel i Vågå kommune
- Kva for fordelar og ulemper tiltaket kan ha for hjoteviltforvaltninga
- Kva for verknad tiltaket kan ha på trafikktryggleik, beiteskadar, landbruksinteresser og andre natur- og samfunnsinteresser
- Kva for verknad tiltaket kan ha for dyrevelferd, jaktutøving og fellingsresultat
- Eventuelt andre forhold kommunen bør vurdere før forskrift blir vedteke
Har du innspel?
Høyringsfrist : 25. september
Høyringsinnspel sendast til: