Avkøyring

Ønskjer du å etablere ny eller endre eksisterande avkøyring frå kommunal veg, må du sende inn søknad.

Slik gjer du det: 

  1. Ta kontakt med vegansvarleg i kommunen for å drøfte korleis du har tenkt å utføre tiltaket
  2. Send inn søknad om avkøyring samen med vedlegg: bilete, situasjonsplan, kvittering for nabovarsel og informasjon gjeve i nabovarsel
  3. Vedtaket vert gjort av saksbehandlar og sendt tiltakshavar
  4. Før tiltaket fysisk kan settast i gang skal det sendast gravemelding. Sjå gravemelding for meir informasjon

Dette er i følgje «Plan – og bygningslova» § 27-4,  «veglova» §§ 40 – 43 og «forskrift om alminnelige regler om bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg».

Tenesta er gratis

Nyttige lenker