Skal du grave i eller nær kommunal veg, fortau eller gang- og sykkelveg, må du sende inn gravemelding til kommunen før arbeidet startar. Føremålet er sikre at for eksempel strømkablar, telekablar, fiberkablar, fjernvarme, vatn- og avløpsleidningar ikkje blir øydelagde.
Slik sender du gravemelding
Du sender inn gravemelding ved å nytte eige skjema:
Gå til skjema
Krav og standardar
Kommunen nyttar Statens vegvesen sine standardar som kravspesifikasjon for arbeidet.
I følgje veglova kan kommunen setje tilleggskrav. Dialog med kommunen er viktig for å avklare desse.
Arbeidsvarsling
- Bruk av arbeidsvarsling skal bekreftast på gravemeldinga.
- Kommunen kan gjennomføre uvarsla tilsyn på arbeidsplassen.
- Arbeidsvarslingplan og logg skal vere tilgjengeleg på arbeidsplassen, og alle som deltar i arbeidet skal ha godkjent opplæring.
Sist endret 30.04.2026 14.02