Tilsyn og oppfølging av private avløpsanlegg

Vågå kommune er forureiningsstyresmakt for private avløpsanlegg under 50 personekvivalentar (pe). Kommunen fører tilsyn med at avløpsanlegga fungerer som dei skal og ikkje fører til forureining av grunnvatn, bekkar, elvar eller innsjøar. Kommunen har plikt til å følgje opp private avløpsanlegg og kan krevje utbetringar dersom anlegget ikkje oppfyller gjeldande krav.

Eigar sitt ansvar

Eigaren av eit privat avløpsanlegg har ansvar for at anlegget fungerer tilfredsstillande og blir drifta og vedlikehalde i samsvar med gjeldande regelverk. Dette omfattar mellom anna regelmessig tømming, service og oppfølging av eventuelle feil eller manglar.

Korleis blir tilsyn gjennomført?

Ved tilsyn kan kommunen:

  • kontrollere dokumentasjon knytt til avløpsanlegget
  • gå gjennom tømme- og servicerapportar
  • undersøkje om anlegget fungerer som føresett
  • vurdere risiko for forureining eller andre miljøulemper
  • følgje opp tidlegare registrerte avvik

Du vil normalt få varsel før eit planlagt tilsyn.

Oppfølging ved avvik

Dersom tilsynet avdekkjer feil eller manglar ved anlegget, kan kommunen gje pålegg om nærare undersøkingar, utbetring eller oppgradering. Kva tiltak som er nødvendige blir vurdert i kvar enkelt sak ut frå anlegget sin tilstand, miljøpåverknad og gjeldande regelverk.

I enkelte tilfelle kan det vere nødvendig å søkje om nytt utsleppsløyve. Søknader skal sendast inn av ansvarleg føretak gjennom Gemini Entreprenørportal.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Vågå kommune dersom du har spørsmål om tilsyn, drift av privat avløpsanlegg eller krav til utbetring og oppgradering.