Lover og forskrifterHer finn du svar på vanlege spørsmål om lover og reglar i landbruket. Oversikta gir deg ei enkel innføring i kva du må vite og kva du må søkje om i ulike situasjonar. PlaneringDet finst ikkje eige skjema for planering. Du må først sende ein enkel søknad til kommunen.Søknaden skal innehalde kart som viser planeringsområdet og eventuelle inngrep i terrenget, til dømes bekkelukkingar.Kommunen vurderer om tiltaket må ha løyve etter forskrift om bakkeplanering. All planering på 0,1 dekar eller meir må godkjennast.Reglane skal hindre forureining og erosjon. Gjødselplanlegging og jordprøvetakingAlle som søkjer produksjonstilskot må ha ein gjødselplan for heile drifta. Planen må oppdaterast kvart år.Gjødselplanen skal byggje på jordprøver. Du må ta jordprøver minst kvart åttande år.Det er best å ta jordprøver om hausten, etter innhausting og før eventuell spreiing av husdyrgjødsel.Har du svært enkel drift og mindre enn 5 gjødseldyreiningar, kan du søkje om å oppdatere planen kvart femte år. Omdisponering av dyrka eller dyrkbar jordDu har i utgangspunktet ikkje lov til å bruke jordbruksjord til andre formål.Kommunen kan gi løyve (dispensasjon) etter ei samla vurdering.Løyvet gjeld i tre år. Dersom arbeidet ikkje er starta innan fristen, fell løyvet bort.Du kan bruke skjema frå kommunen, eller sende ein eigen søknad. Då må du leggje ved kart (målestokk 1:5 000), skrive kor stort arealet er og kva det skal brukast til. NydyrkingDu må ha godkjent plan frå kommunen før du startar nydyrking.Dette gjeld:Opparbeiding frå udyrka til fulldyrka jordOpparbeiding til overflatedyrka jordOppdyrking av jord som har lege ubrukt i over 30 årDu treng ikkje løyve til:Rydding av beite så lenge det ikkje blir lagt til rette for maskinell haustingFulldyrking av areal som alt er overflatedyrkaLøyvet gjeld i tre år og fell bort dersom du ikkje startar arbeidet innan fristenSøkje om nydyrking Deling av eigedomDu kan som hovudregel ikkje dele ein eigedom som kan brukast til jord- eller skogbruk.Dette gjeld også bortleige i meir enn 10 år.Kommunen kan likevel gi løyve dersom viktige samfunnsomsyn talar for det, eller delinga er forsvarleg.Løyvet gjeld i tre år. Dersom du ikkje gjennomfører delinga innan fristen, fell det bort.Søknaden blir òg behandla etter plan- og bygningslovaJordlova Løyve til bygging av landbruksvegDu må søkje kommunen før du byggjer veg til landbruksføremål.Dette gjeld også enkle driftsvegar på jordet.Små tiltak med lite terrenginngrep kan vere unnatekne.Løyvet gjeld i tre år. Du må leggje ved ein plan for vegen når du søkjer. Konsesjon for overtaking av eigedomNår du kjøper fast eigedom, må du som hovudregel søkje konsesjon.Vanlege unntak er:Overtaking frå nær familie eller når du har odelsrettSmå eigedomar under 100 dekar (med visse vilkår)Små bustad- eller fritidstomterDersom du overtek ein landbrukseigedom, vil det vanlegvis vere krav om buplikt.Meir informasjon om konsesjonKonsesjonsloven GjødselvarerDu kan spreie husdyrgjødsel:På eng: frå våronnstart til 1. septemberDersom ho blir molda ned: frå våronnstart til 1. novemberLagring og bruk av husdyrgjødsel er regulert i forskrift om gjødselvarer av organisk opphav.Du må ha:Nok lagringsplassTette lagerNok spreiearealRiktig tidspunkt for spreiingReglane skal hindre forureining og sikre god utnytting av næringsstoff. ForpaktningsavtalerAlle forpaktningsavtaler skal vere skriftlege og godkjennast av kommunen.Avtala skal normalt vare i minst 5 år, og leiga skal vere avtalt i pengar.Rein jordleige utan bygningar eller buskap er unnateke.Du skal sende kopi av avtala til kommunen med ein gong ho er inngått Har du spørsmål?Ta kontakt med Landbrukskontoret for meir informasjon Sist endret 07.05.2026 19.10