Kommunestyret i Vågå vedtok i sak 66/2022, den 15. desember 2022, å utvide og skjerpe forskrifta om nedsett konsesjonsgrense i kommunen. Bakgrunnen for vedtaket er eit tydeleg behov for å sikre permanent busetnad i heile Vågå.
Kommunestyret peikar særleg på at:
- det er etterspurnad etter bustader og gardsbruk i heile kommunen
- hus og gardsbruk som er, eller har vore, nytta som bustad bør vera i aktiv bruk også i framtida
- det er vanskeleg å etablere nye bustader grunna naturfare og omsynet til dyrka mark
Samtidig har ein sett ei utvikling der fleire bustader og mindre landbrukseigedomar står utan fast busetnad og i praksis blir brukte som fritidsbustader.
Nedsett konsesjonsgrense betyr at konsesjonsfridomen etter konsesjonslova blir avgrensa. I praksis inneber dette at fleire eigedomar i Vågå no blir konsesjonspliktige ved overtaking.
Forskrifta gjer at ein må søkje konsesjon dersom ein overtek eigedom og ikkje sjølv har planar om å nytte eigedomen til heilårsbustad. Buplikta er knytt til eigedomen – ikkje til personen – og gjeld difor også ved overtaking frå nær slekt.
I tråd med forskrift om nedsett konsesjonsgrense for Vågå kommune (fastsett 4. mai 2023) er konsesjonsfridomen sett ut av kraft for:
- Ubebygde tomter
- Ubebygde tomter som i reguleringsplan er regulerte til bustadsføremål
- Bebygde eigedomar
- Bebygd eigedom som er eller har vore nytta som heilårsbustad
- Eigedom med bustadhus som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, inkludert bustader under oppføring, når eigedomen ligg i områrde regulert til bustadføremål.
For desse eigedomane gjeld det ikkje lenger konsesjonsfritak etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 og nr. 4, eller § 5 første ledd nr. 1.
Dersom du skal overta ein bustadeigedom som er omfatta av forskrifta, og ikkje har planar om å bu der fast, må du søkje konsesjon. Ved handsaming av søknad vil kommunen mellom anna leggje vekt på omsynet til busetnad og heilårsbruk av eigedomen.
Målet er å sikre at bustader og gardsbruk i Vågå i størst mogleg grad blir nytta som heilårsbustader, og slik bidra til levande bygder i heile kommunen.
Vil du vite meir?
Heile forskrifta om nedsett konsesjonsgrense for Vågå kommune er tilgjengeleg på Lovdata:
Lovdata.no
Har du spørsmål om konsesjon, buplikt eller om eigedomen din er omfatta av forskrifta, kan du ta kontakt med Vågå kommune.