Her kan du finne ly, setje deg ned for ein pause, nyte nista di og få att varmen. Senk tempoet, slapp av og ta inn dei vakre naturopplevingane. Du er velkomen til å bli her så lenge du ønskjer i løpet av dagen, men hytta er ikkje tilpassa overnatting.
Plasseringa av dagsturhytta legg til rette for ro, avkopling og gode naturopplevingar i eit flott landskap.
Dagsturhytta i Vågå er ein del av satsinga Dagsturhytta Innlandet. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftelsen Hedmark, Innlandet fylkeskommune, kommunane, frivillige lag og organisasjonar, samt grunneigarar.
Adkomst
Gå frå Ullinsvin, oppover Hølvegen og Likvegen
Du kan sjå meir informasjon på Ut.no