Turen over Besseggen går mellom Memurubu og Gjendesheim, på nordsida av Gjende. Undervegs får du flott utsikt over Gjende og vidare innover Jotunheimen nasjonalpark.
På sjølve eggen har du det grøne Gjende meir enn 400 meter under deg på den eine sida og det djupt blå Bessvatnet på den andre. Her er det bratt og luftig, og du må rekne med noko klyving.
Dei fleste tek båten frå Gjendesheim til Memurubu og går over Besseggen tilbake til Gjendesheim. Du kan også gå motsett veg og ta båten tilbake frå Memurubu.
Turen er om lag 14 kilometer lang, med over 1 000 høgdemeter stigning. Dei fleste bruker mellom seks og åtte timar, inkludert pausar. Besseggen er derfor ein krevjande fjelltur som du bør vere godt førebudd på.
God tur!
Les meir og planlegg turen på Besseggen si nettside.