Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald av kommunale bygg.
- Reinhald av skular, barnehagar, kontor og andre kommunale lokale.
- Sørgje for at lokala er reine og trivelege for tilsette, brukarar og besøkande.
- Bruk av reinhaldsutstyr og maskiner.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reinhaldsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Du er nøyaktig, fleksibel og ansvarsmedviten.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein positiv og serviceinnstilt person som er arbeidsvillig, påliteleg og møter både kollegaer og arbeidsoppgåver med godt humør.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer.
- Opplæring vil bli gitt.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale.
Arbeidstid
Som tilkallingsvikar vil du bli kontakta ved behov for vikar, til dømes ved sjukdom, ferie og anna fråvær. Arbeidsmengda vil variere etter behov.
Søknad
Høyrest dette interessant ut? Vi håpar du har lyst til å bli ein del av reinhaldsavdelinga vår!
Søknadsfrist: 29.11.2026
Søknad sendast via elektronisk søknadsskjema
Nærare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av:
Leiar Tea Myrum
E-post: tea.myrum@vaga.kommune.no
Tlf. 904 01 350
Velkomen som søkjar!
Vågå kommune oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Offentleglova § 25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.