Har du lyst til å bli ein del av eit viktig og trivelig team som sørger for at kvardagen flyt for både tilsette og beboere?
Vi søkjer ein praktisk anlagt og ansvarsbevisst medarbeidar til vårt vaskeri. Stillinga passer for deg som trivast med fysisk arbeid og liker å halde orden. Arbeidet inneberer daglege rutinar i vaskeri og vil ha ei viktig rolle i å sikre reine tekstilar og eit trygt miljø for bebuare og tilsette.
Vaskeriet er ope måndag, tysdag, torsdag og fredag frå 07.30 til 15.00.
Vaskeriet ved Vågåheimen følgjande ledig stilling:
Vaskerimedarbeider – tilkallingsvikar ledig frå d.d
Arbeidsoppgaver
- Sortering, vask, tørk og distribusjon av tøy
- Klargjøring av tøy
- Handtering av smittetøy med gode hygienerutinar
- Enkelt vedlikehald og reingjering av vaskerimaskiner
- Oppretthalde eit ryddig og sikkert arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå vaskeri eller lignande arbeid er ein fordel
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Strukturert, serviceinnstilt og fleksibel
- Gode rutinar for hygiene og orden
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Praktisk sans og løysingsorientert
- Nøyaktig og ansvarsbevisst
- Serviceinnstilt og samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Ein aktiv og variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
- Opplæring og støtte frå erfarne kolleger
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter gjeldande tariffavtaler
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til einkvan tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. For denne stillinga kreves det politiattest, jfr. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Vi er opptatt av mangfold og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke uavhengig av alder, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn. For alle stillinger i kommunen legges det ved ansettelse stor vekt på personlige egenskaper slik som engasjement, selvstendighet, fleksibilitet og evne til samarbeid.
Vi ynskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Vågå kommune.
Søknadsfrist: 01.11.26
For nærmere opplysningar om stillingen så kan du ta kontakt med Avdelingsleiar Vågåheimen, Berit Nilstad telefon 45343807, eller mail berit.nilstad@vaga.kommune.no
Velkommen som søkjer!
Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfald
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.
Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. Offentleglova §25.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.