Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til 80% vikariat i Miljøterapitenesta som ønskjer å bidra til gode tenester for brukarane våre. Du vil bli ein del av eit fagleg miljø med kompetente kollegaer og varierte arbeidsoppgåver.
Arbeidet går føre seg i turnus med dag- og kveldsvakter i vekedagar og helgar.
Ønskjeleg med snarleg oppstart, vikariatet går til og med 2.1.2028.
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein triveleg handelsstad med eit godt utbygd servicetilbod. Kommunen har om lag 3 550 innbyggjarar, gode oppvekstvilkår og eit rikt kultur- og friluftsliv.
Om Miljøterapitenesta
Miljøterapitenesta leverer tenester til personar både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming og/eller psykiske lidingar. Tenesta er organisert i tre avdelingar: bufellesskapa Eksismoen og Finntunet, og dagsenteret Solhaug i Sjårdalen.
Miljøterapitenesta skal sørgje for at kvar enkelt har ein trygg og føreseieleg kvardag, med størst mogleg grad av sjølvstende, meistring og livskvalitet. Gjennom målretta miljøarbeid legg vi til rette for utvikling, deltaking og gode opplevingar i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Praktisk bistand og rettleiing
- Tilrettelegging for meistring, utvikling og deltaking i dagleglivet
- Gjennomføring og evaluering av tiltak
- Dokumentasjon og journalføring i digitale fagsystem
- Medikamenthandtering etter gjeldande rutinar
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
- Aktiv deltaking i fagleg utviklingsarbeid i tenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev omsorgsarbeidar, fagbrev barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (minimum nivå B1)
- Grunnleggjande digital kompetanse
Det er ein fordel om du har
- Erfaring frå miljøarbeid eller miljøterapeutisk arbeid
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og/eller psykiske lidingar
- Kjennskap til relevant lovverk innan helse- og omsorgstenester
- Erfaring med dokumentasjon og bruk av digitale fagsystem
Søkjarar med lengre relevant erfaring kan òg bli vurderte og blir oppmoda til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er trygg på deg sjølv og beheld roen i utfordrande situasjonar
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er tydeleg, tålmodig og relasjonsbyggjande
- Er støttande, empatisk og uthaldande
- Er fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
- Er oppteken av kvalitet og gode tenester
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Eit spennande og meiningsfullt arbeid
- Eit godt fagmiljø med engasjerte kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing og fagleg støtte
- Regelmessige fag- og teammøte
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Det vert kravd tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, forskrifter og avtaleverk.
Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.
Nærare opplysningar
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte konstituert avdelingsleiar Marion Holen på telefon 48857304.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist 19.08.2026.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.