I Heimetenesta møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, utvikling og kvalitet står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, tverrfagleg samhandling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfølging av dyktige kollegaer som ser fram til å få deg med på laget.
Som avdelingssjukepleiar vert du ein viktig del av administrasjonsteamet i Heimetenesta. Du arbeider tett saman med avdelingsleiar, og fungerer etter avtale som stedfortredar ved fråvær. Stillinga inneber eit stort fagleg og administrativt ansvar, samstundes som du vil vere ein viktig støtte for dei tilsette i det daglege arbeidet.
Heimetenesta har ansvar for eit breitt spekter av helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur heime. Tenesta arbeider aktivt med velferdsteknologiske løysingar, kvardagsmeistring, førebygging og utvikling av framtidsretta tenester. Vi har stor merksemd på fagutvikling, innovasjon og kompetanseheving, og arbeider kontinuerleg for å sikre rett kompetanse på rett stad til rett tid.
Arbeidstid er hovudsakleg dagtid på vekedagar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg koordinering og organisering av tenestetilbodet i Heimetenesta
- Oppfølging av arbeidslister og bemanningssituasjon
- Oppfølging av brukarar og pårørande
- Koordinering av komplekse brukarforløp
- Oppfølging av vedtak og tenesteleveransar
- Samhandling med fastlegar, sjukehus, tildelingskontor og andre samarbeidspartnarar
- Oppfølging av journalsystem, dokumentasjon og kvalitetssystem
- Oppfølging av pasienttryggleiksarbeid og legemiddelhandtering
- Rettleiing og fagleg støtte til tilsette
- Oppfølging av opplæringsplanar og kompetanseutvikling
- Oppfølging av avvik, internkontroll og kvalitetsforbetring
- Oppfølging av velferdsteknologiske løysingar
- Bidra til utarbeiding og oppfølging av årshjul
- Delta aktivt i utviklings- og omstillingsarbeid
- Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og samarbeidande partar
- Bidra til god ressursutnytting og forsvarleg drift
- Arbeidsoppgåvene er ikkje uttømmande
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 2 års erfaring
- Vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg eller heimetenester vil kunne vera ein fordel samt evnt utdanning eller erfaring innan ledelse.
- Erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester er ønskjeleg
- Gode kunnskapar om koordinering og samhandling i helse- og omsorgstenesta
- Gode turnuskunnskapar er ønskjeleg
- Evne til å setje seg inn i og nytte nye teknologiske system, mellom anna velferdsteknologiske løysingar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring med dokumentasjon, kvalitetsarbeid og journalsystem er ønskjeleg
- Førarkort klasse B
Eigenskapane dine
- Ansvarsbevisst og med evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Høg arbeidskapasitet og god rolleforståing
- Tydeleg og trygg i faget
- Strukturert og systematisk
- God gjennomføringsevne
- Motiverast av utviklings- og forbetringsarbeid
- Særs gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
- Initiativrik og oppteken av å finne gode løysingar til beste for brukarar, pårørande og kollegaer
- Evne til å motivere og rettleie andre
- Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og godt tverrfagleg samarbeid
- Fleksibel, lojal og ein god lagspelar
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Ei spennande og sentral rolle i utviklinga av framtidas heimetenester
- Eit utfordrande og variert arbeidsfelt i kontinuerleg utvikling
- Moglegheit til å påverke drift, fagutvikling og kvalitetsarbeid
- Tett samarbeid med avdelingsleiar og leiarteamet i tenesteområdet Helse- og omsorg
- Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Fokus på fag, kvalitet, pasienttryggleik og utvikling
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og avtaleverk.
Søknad
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden sendast til postmottak@vaga.kommune.no
Søknadsfrist: 29.11.2026
Nærare opplysningar om stillinga vert gjeve av:
Avdelingsleiar Heimetenesta Siv Monika Horten Tlf: 970 52 650 E-post: siv.monika.horten@vaga.kommune.no
Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot dette, jf. offentleglova § 25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.