Lalm barnehage er ein fire-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km østover for Vågåmo sentrum.
Avdelingane er: Maurtuva 1 åringar, Humlebolet 2 åringar, Revehiet 3 åringar og Bjørnehiet 4-5 åringar.
For neste barnehageår har vi ledig denne stillinga ved Lalm barnehage:
80% svangerskapsvikariat som barne – og ungdomsarbeidar.
Arbeidsoppgåver
Vere aktiv i relasjonsarbeidet med barna.
Bidra i endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.
Vere observant, inkludere barn i leik og støtte barna i sosialt samspel.
Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage.
Samarbeide tett med kollegaer om å løyse barnehagens oppgåver.
Vere aktiv i planlegging og gjennomføring av leik, aktivitetar og rutinar.
Kan få som oppgåve å vera rettleiar for lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Kvalifikasjonar
Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men annan relevant bakgrunn kan vurderast.
Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Vi verdsett mangfold, ønskjer at du tek ansvar og bidreg i utviklinga av barnehagen.
Vi ser etter ein person som:
Har evne til å ha delansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa.
Er ein trygg og god rollemodell for barna i leik og sosialt samspel.
Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål.
Har eit glødande engasjement for barna.
Er oppteken av fagleg utvikling og vidareutvikling av barnehagen.
Ønskjer å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis.
Har uteglede og har evne til å inspirere barna i natur og uteaktivitetar.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø.
Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling.
Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring.
Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler.
God pensjonsordning.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Søknadsfrist: 30.8.2026.
Nærare opplysingar får du ved å kontakte styrar:
Elise Beate Øien – Lalm barnehage tlf. 95 06 72 43,elise.beate.oien@vaga.kommune.no
Søknad skal sendast på Ledig stilling - søknad - vaga. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.