Kvar onsdag er det open symjehall i Vågå – ein viktig møteplass for barnefamiliar, ungdom og vaksne.
Vågå kommune søkjer no etter to vaksne, sjølvstendige og ansvarlege badevakter i engasjement frå 1. september 2026 og fram til 31. desember 2026. Det kan bli aktuelt med forlenging ut skuleåret 2026/2027.
Arbeidstid
Arbeidstida er frå klokka 16.30–21.30, totalt 5 timar kvar onsdag kveld i symjehallen, med unntak av høgtider og andre spesielle dagar.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn med badegjester og ivareta tryggleiken i hallen
- Sjå til at reglar for bruk av bassenget blir følgt
- Bidra til eit triveleg og inkluderande miljø
Kvalifikasjonar
- Du er ansvarleg, sjølvstendig og serviceinnstilt
- Du trivst med menneske i alle aldrar
- Du har god symjedugleik
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å skape tillit, samt følgje rutinar og lovverk
Det er krav om politiattest for stillinga.
Personleg eignaheit il bli vektlagt
Vi tilbyr
- Opplæring i bassenget
- Livredningskurs før oppstart
- Ei meiningsfull deltidsstilling i eit aktivt og sosialt miljø
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Har du spørsmål, ta kontakt med folkehelsekoordinator Mona Sveen på e-post mona.sveen@vaga.kommune.no eller på tlf: 996 93 818 eller tenesteleiar for kultur Kjersti Strass på e-post kjersti.strass@vaga.kommune.no eller på tlf: 970 68 931
Søknadsfrist 1. august 2026.
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.