Vil DU bli ein del av vårt leiarteam?

Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! 

Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg. 

Ved Heimetenesta møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid.  Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få nettopp deg med på laget. 

Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg. 

Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette. 

I tenesta legg vi vekt på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling. Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! 

 Arbeidsoppgåver: 

Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering 

Fag- og personalansvar for alle tilsette i avdelinga 

Levere god tenestekvalitet i tråd med tildelingskriterier og avdelinga sine rammer og mål 

Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga 

Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring 

Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø 

Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe 

Turnusansvar og ansvar for tilsettingsprosessar 

Lista er ikkje uttømmande 

 Kvalifikasjonar: 

Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring 

Leiarutdanning og/ eller erfaring med leiing av helsetenester er ynskjeleg, men ikkje naudsynt

Gode turnuskunnskapar

God digital kompetanse og evne til å sjå moglegheiter og gevinstar ved bruk av t.d. helseteknologi 

God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, med evne til å utarbeide og formidle tydelege, ryddige og strukturerte framstillingar

God forståing for og erfaring med økonomistyring og politisk styrte rammebetingelser er ynskjeleg

Eigenskapane dine: 

Tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre

Har høg arbeidskapasitet og god forståing for eiga rolle og ansvar

Er ein tydeleg, trygg og tillitsskapande leiar

Arbeider planmessig, strukturert og systematisk

Har sterk gjennomføringsevne

Er engasjert i utvikling og motiverast av å leie endrings- og utviklingsprosessar

Har sterke kommunikative ferdigheiter

Evnar å byggje tillitsfulle relasjonar og skape ein kultur for samarbeid og samhandling 

Tek initiativ og sikrar god involvering, forankring og framdrift i prosessar

Er løysingsorientert og oppteken av å finne gode og berekraftige løysingar til det beste for fellesskapet

Evnar å inspirere og motivere medarbeidarar, og bidreg aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Møter endringar og utfordringar med fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit

Er lojal og bidreg til å styrkje fellesskapet og laget

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt 

Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.   

Vi tilbyr: 

100 % fast stilling som avdelingsleiar Heimetenesta

Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som avdelingsleiar vil få ei nykkelrolle for utvikling av tenesta 

Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe med høgt fagleg fokus, som er motiverte og er tydelege lagspelarar 

Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer 

Ei avdeling med fokus på fag, kvalitet og utvikling 

Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Konkurransedyktig lønn 

For deg som ikkje kan dagpendle vil kommunen vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad 

 

 Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. 

Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. 

Søknad: 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. 

Søknadsfrist: 23. august 2026 

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av: 

Tenesteleiar Hanne Stokke Moen. 

Ta kontakt på e-post hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no , eller tlf 948 65 287.

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. 

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.