Støttekontakt/fritidskontakt
Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre?
Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt.
Som støttekontakt er du med på å støtte barn, ungdom, vaksne eller eldre som har
behov for hjelp til å delta på fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er ei teneste som
skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med
andre, skape ein meir aktiv kvardag og bidra til å få ei meiningsfull fritid.
Tenestemottakarane våre har ulike interesser og behov, og vi treng difor støttekontaktar
i ulik alder og av begge kjønn. Du treng inga formell utdanning – det viktigaste er at du er
påliteleg, har gode haldningar og eit ynskje om å vere der for andre. Vi legg vekt på å
matche støttekontakt og tenestemottakar ut frå felles interesser, slik at begge partar får
eit positivt utbytte av samværet og ein god relasjon til kvarandre.
I søknaden er det difor viktig at du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å gjere på fritida.
Om oppdraget:
- Eit vanleg oppdrag er på om lag 2 timar i veka, men omfanget kan variere frå person til
- person – enkelte har vedtak på opp til 6 timar i veka. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
- Å skape glede gjennom samhandling
- Å auke fysisk og psykisk livskvalitet
- Å vere følgje eller hjelp til praktiske gjeremål som til dømes handling
- Å stimulere til sosial aktivitet
- Å medverke til nettverksbygging
- Å følgje tenestemottakar til aktivitetar som til dømes kafè, trening, kulturtilbod
- eller gåturar
- Skape tryggleik og motivasjon for å delta
Støttekontaktar inngår oppdragsavtale med Vågå Kommune på dei vilkår som går fram
av gjeldande lover, regler og avtaler. Timesats for 2026 ihht Gebyrregulativet er kr 206 pr
time. Det vil bli utbetalt inntil kr 541 i utgiftsgodtgjersle pr månad etter framlagte
rekningar, samt reisegodtgjersle etter statens satsar.
Kvalifikasjonar
- Du må vere 18 år eller eldre
- Du er aktiv, engasjert og god til å byggje relasjonar
- Det er viktig at du er påliteleg og held avtalar
- Det er inga krav til formell utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring blir
- vektlagt
- Det er ikkje eit krav at du har førarkort og disponerer bil, men det er viktig at dette
- kjem fram i søknaden.
- Politiattest må leggjast fram ved eventuelt tilbod om oppdrag
-
Korleis søkje?
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no
Søknadsfrist 30.09.2026
Søknadar blir vurdert fortløpande.
Kontaktperson:
Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer informasjon om tenesta. Det er høve til å få
meir informasjon om ein eventuell tenestemottakar før du takkar ja til oppdraget.
Tildelingskontoret v/ Mai Britt Myrum, tlf. 45343573 (ferie veke 29, 30 og 31)
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje
uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot
det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Publisert av Linda Røe
Sist endret 22.06.2026 09.20