Heimesjukepleie

Heimeteneste/heimesjukepleie er eit heildøgns tilbod til personar som har behov for hjelp og pleie i kvardagen. Målet er at du skal bu i eigen bustad lengst mogleg.

Heimesjukepleia skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at personen skal vere mest mogleg sjølvhjulpen. Tilbodet omfattar difor informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleia si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det personen ikkje meistrar sjølv. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad.

For å motta helse- og omsorgstenester må du søkje om dette gjennom Tildelingskontoret i kommunen. For å få vurdert ein slik søknad, vil Tildelingskontoret i dei fleste tilfelle gjere ei kartlegging av behovet gjennom eit heimebesøk.

Søk helse- og omsorgstenester