Bustadane er spesielt tilpassa for personar med nedsett funksjonsevne, som til dømes har utfordringar med å orientere seg eller kome seg rundt.
Det er viktig å vere klar over at ein omsorgsbustad ikkje er ei teneste i seg sjølv, men ein vanleg utleigebustad. Dei som bur i slike bustader, kan søkje om kommunale omsorgstenester på lik line med andre som bur heime.
Ønskjer du å søkje om omsorgsbustad, må du sende inn ein skriftleg søknad til Tildelingskontoret.
Søk om omsorgsbustad Sjå gebyr og satsar
Vilkår for tildeling av omsorgsbustad:
Omsorgsbustader blir tildelt etter individuell vurdering med utgangspunkt i søkjaren si funksjonshemming, sjukdom og/eller alder.
Søkjarar blir prioritert ut frå om:
- Eigen bustad er ueigna, og vanskeleg å tilretteleggje
- Brukar kan oppretthalde og/eller betre sine funksjonar og sjølvstende ved å flytte til omsorgsbustaden
- Funksjonsnivå og livskvalitet kan bli betre ved auka tryggleik og nærleik til tenester
- Det sosiale nettverket er lite og fører til isolasjon
- Personar med fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som treng å bu i bustad med tilgjengeleg personell
Bustøtte
Brukar har rett til å søkje om bustøtte, som er ei behovsprøvd statleg støtteordning for personar med låg inntekt og høge bukostnader.
Les meir om bustøtte