Sjølv om du har mista dekning på din mobiltelefon, kan det hende at naudanrop (110, 112 og 113) vil fungere. Dette vil skje dersom det finst mobilleverandørar som har dekning i området. Merk at det er litt større sannsynlegheit for at 112 vil fungere enn dei andre numra.
Ver også merksam på at det ofte vil vere mogeleg å ringe via Wifi, sjølv om mobilnettet er nede. Vi rår deg til å sette deg inn i korleis du gjer dette på din telefon.
Elles vil du kanskje oppleve (om det ikkje er eit fullstendig bortfall av mobilnett) at du kan få signal om du bevegar deg inn i eit anna område.
Kanskje har du naboar som har ein annan mobilleverandør enn deg?
Sjå elles punktet om tryggheitspunkt ved langvarig bortfall av elektronisk kommunikasjon.