Søke, svare eller endre barnehageplassHer finn du informasjon om korleis du søkjer barnehageplass i Vågå kommune, kva fristar som gjeld, og kva rettar du og barnet ditt har. Du kan søke om barnehageplass gjennom heile året. Du kan søke, endre plasstype eller svare på tilbod om plass i Føresettportalen. Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars. HovudopptakHovudopptak skjer ein gong i året, 1. august, med søknadsfrist 1. mars. Tildeling av plass gjeld til 1. august det året barnet byrjar på skulen eller til foreldra skriftleg seier opp plassen.Vi gjer merksam på at retten gjeld plass i ein barnehage i kommunen, men ikkje nødvendigvis i den barnehagen du har som førsteval.Har du allereie barnehageplass, men ønskjer å gjere endringar frå nytt barnehageår, er det også viktig at du sender ny søknad innan fristen. Utanom hovudopptaket er det mogleg å søkje om plass gjennom heile barnehageåret. Barnehagane tek i mot barn dersom det er ledige plassar og tilstrekkeleg bemanning.Les meir i vedtektene Gå til føresettportal Sist endret 24.04.2026 14.19