I nærområdet vårt har vi mange fine turstigar, og områda ved vakre Vågåvatnet og friarealet i Dompe er mykje brukt av barnehagen. I Dompe har vi stutt veg om vi vil banke på hjå Jutul`n som gøymer seg bak Jutulporten.
Vi har vår eigen vesle eventyrskog / Hakkebakkeskog og kvar avdeling har eigne bålplassar som dei jamleg besøker og lagar seg mat. Vi er mykje ute på tur i nærmiljøet vårt, men også elles i bygda. Dette for at ungane skal bli kjent og glad i bygda si.
Om vinteren lager vi oss skiløyper ved barnehagen noko som er svært populær. Vi nyttar også Vågåhallen jamleg, og 5-åringane er på symjing/vasstilvenning på Vågå hotell gjennom heile barnehageåret
Uteområdet vårt er oppgradert dei siste åra, og har mange nye leikeapparat.
Barnehagen har gangavstand til sentrum, og kan lett besøke både brannstasjon, kommunehus, tannlege, helsestasjon, bibliotek, butikkar, ymse bedrifter mfl. Vi samarbeider med Vågåheimen der vi jamleg har songsamlingar til glede for både små og store.