Velkomen til innbyggjardialog - saman om framtida i Vågå

Kommunen inviterer til innbyggjardialog i grendene. Målet er å skape ein open møteplass der du som innbyggjar kan få informasjon, stille spørsmål og kome med innspel om viktige tema for framtida i kommunen.

Kommunen står framfor fleire viktige vurderingar knytt til korleis vi skal utvikle og organisere tenester og lokalsamfunn framover. Gjennom dialogmøta ønskjer ordførar og kommunedirektør å lytte til innbyggjarane sine erfaringar, tankar og forslag.

På møta skal vi mellom anna snakke om:

  • framtidig tenesteyting i kommunen
  • eigenberedskap og korleis vi som lokalsamfunn kan vere betre førebudde på kriser
  • arbeidet med kommunen sin arealplan

Det blir lagt opp til informasjon, gruppearbeid og open dialog. Innspela som kjem inn vil bli samla og vurderte som ein del av kommunen sitt vidare arbeid.

Det er oppretta ei digital innspelskasse der du kan sende inn tankar og forslag dersom du ikkje har høve til å delta på møta.

Send innspel Gå til samleside

Vi håpar mange vil ta del i dialogen og bidra med dine perspektiv på korleis vi saman kan utvikle kommunen vidare.

Møtestadar og datoar:

  • 18. august: Lalm samfunnshus
  • 19. august: Skogbygda samfunnshus
  • 1. september: Vågå kulturhus
  • 15. september: Midtli grendahus
  • 16. september: Sjårdalen grendahus
  • 13. oktober: Tessand grendahus

Tidspunkt for møta: 18:00-20:15