Kommunen har vedteke følgjande disponering av tilskotet:
Tiltak 1 Open svømmehall
Open svømmehall med gratis inngang kvar onsdag i skuleåret 2026/2027.
- Kl. 17:00-18:00: Born og familiar til og med opp til 3. klasse
- Kl. 18:00-19:00: Born og familiar frå 4. klasse og oppover
- Kl. 19:00-20:00: Ungdomsskulen
- Kl. 20:00-21:00: Vaksne
Open svømmehall legg til rette for at befolkninga kan gjere noko aktivt saman med andre i eit ope fellesskap. Eit gratis og ope symjehalltilbod gir bygda ein viktig tredjeplass – ein sosial arena mellom heim og arbeid/skule. Slike møteplassar er sentrale for å skape kvardagslege møte mellom menneske som elles ikkje nødvendigvis ville treffast. Tilbodet fremjar folkehelse, reduserer sosiale skilje og legg til rette for at både nye og etablerte innbyggjarar kan byggje relasjonar og oppleve tilhøyrsle til lokalsamfunnet.
Fleire av ungdommane som deltek på open svømmehall, er ikkje med på annan organisert idrettsaktivitet, og tilbodet bidreg til at fleire er meir fysisk aktive. Trygge og tilgjengelege møteplassar kan fremje god sosial utvikling og vennskap, og førebyggje utanforskap og rusbruk.
Open svømmehall fungerer som eit fast, uforpliktande møtepunkt der innbyggjarane treff andre, blir sett og anerkjent. Slik er tilbodet med å styrke både den psykiske og den fysiske helsa i befolkninga. Vågå er ei bygd med ein lang og kald vinter der det er ekstra viktig med innandørs oppvarma møteplassar, ikkje minst for ungdom.
Tiltak 2 Mekkeklubb
Vågå Gearheads, mekkeklubb for ungdom med to faste dagar i veka leia av friviljuge vaksne. Vågå kommune ønsker å starte eit nytt tilbod for ungdom som er interessert i å skru og mekke på mopedar, elektriske sparkesyklar, firehjulingar og anna.
Fleire ungdom i kommunen har uttrykt eit ønske om eit vaksenleia mekketilbod. Vaksne frivillige har meldt seg og dei har funne eit eigna lokal. Vågå er ein landbrukskommune med store avstandar, og interessa for motordrivne køyretøy er sterk hos mange ungdom. Gjennom ein mekkeklubb kan ein skape ein møteplass og eit fellesmiljø kring ei interesse hos ungdommen.
Også ein mekkeklubb vil fungera som eit fast, uforpliktande møtepunkt der ungdommane kan treffast og få vegleiing på sine eigne prosjekt av kyndige vaksne. Slik kan tilbodet vere med å styrke tilhøyret og meistringsgleda hos ungdommane. Vågå er ei bygd med ein lang og kald vinter der det er ekstra viktig med innandørs oppvarma møteplassar, ikkje minst for ungdom.
Tiltak 3 Fagdag for tilsette som arbeidar med barn, unge og familiar om traumebelastning
Vågå kommune har busett flyktningar gjennom mange år og har eit godt utbygd tenesteapparat kring flyktningtenesta. Dei siste åra har kommunen teke imot ca 50 flyktningar pr år i samband med krigen i Ukraina.
Fagfolk som arbeider i barnehage, skule og helsestasjon treng kjennskap til kva traumar og utviklingstraumar er for å kunne bidra til identifisere traumar og ikkje minst møte det med ei kunnskapsbasert handtering. Traumeerfaringar kan ha ulike adferdsuttrykk.
At vaksne som skal ivareta barn og familiar har traumesensitiv bevisstheit, er eit tiltak som kan ha avgjerande betydning for eit barns trivsel, helse og utvikling, både biologisk og psykologisk.
Det å ha denne kunnskapen er og noko som er vedteke som innsatsområde i Handlingsplan for førebygging og tidleg innsats i Vågå kommune, da presentert som å styrke kompetanse i å bygge trygge barn og trygge relasjonar. Toleransevindauget er beskrive som modellen som kan nyttast for å gje kunnskap til tilsette i laget kring barnet. Toleransevindauget bidreg til å forstå konsekvensar av traume og belastningar i oppveksten og gjev kunnskap om kva som er hensiktsmessige måtar å hjelpe på.
