Opent innspelsmøte: Korleis skal Sel og Vågå utviklast som gode stader å bu, arbeide og besøkje?

Vågå og Sel kommune, i samarbeid med IPR Nord Gudbrandsdalen og Rada Reiseliv inviterer til ope innspelsmøte - Korleis skal Sel og Vågå utviklast som gode stader å bu, arbeide og besøkje?

Dato: 09.11.2026
Tid: kl. 13.00–15.30
Stad: Skansen 7, 2670 Otta (Regionkontoret)

 

Korleis kan vi ta vare på det som gjer Sel og Vågå til gode stader å bu, samstundes som vi ønskjer besøkjande velkomne og legg til rette for verdiskaping og arbeidsplassar?

Sel kommune og Vågå kommune inviterer til eit ope innspelsmøte om korleis vi ønskjer at kommunane våre og regionen skal utvikle seg i åra som kjem. Temaa spenner frå lokalsamfunn, natur og kultur til næringsutvikling, friluftsliv og reiseliv.

Vi ønskjer å høyre kva du meiner fungerer godt i dag, kva utfordringar du ser framover, og kva verdiar og kvalitetar som er viktige å ta vare på.

Møtet er ope for alle som er opptekne av utviklinga i Sel og Vågå. Du treng ikkje å arbeide med reiseliv for å delta. Har du eit forhold til kommunane våre, enten som innbyggjar, næringsdrivande, frivillig eller gjennom arbeid og fritid, har du erfaringar og perspektiv som er viktige for det vidare arbeidet.

Innspela frå møtet vil inngå i det vidare arbeidet med reisemålsutvikling og besøksforvaltning i Sel og Vågå. Kommunane har saman med  Rada Reiseliv arbeidd og vorte resertifisering som  Berekraftig reisemål, og som ein del av dette arbeidet skal det etablerast ei reisemålstleiing i Sel og Vågå. Innspela frå møtet vil vere eit viktig grunnlag for prioriteringar og retning i dette arbeidet.

 

Det blir enkel servering.

Påmelding:
Åpent møte: Hvordan samarbeide for å utvikle regionen vår til et godt sted å bo og besøke – Fyll ut skjema

Vel møtt!

 

Med helsing
Vågå og Sel kommune, i samarbeid med IPR Nord Gudbrandsdalen og Rada Reiseliv.