Nytt tilbod – mekkeklubb for ungdom
Kjenner du ein ungdom som trivst best med litt hestekreftar i livet?
Nå startar Vågå mekkeklubb for alle interesserte ungdom i kommunen.
KORLEIS:
På mekkekveldene skal verktøy og venskap bli skrudd i hop. Det skal vere olje på henda og smil på leppene hos ungdommane som deltek. Her skal dei få skrudd opp gleda medan dei mekkar på sine eigne doningar.
Bak prosjektet står eit kulelager med engasjerte vaksne som stiller tid og kunnskap til disposisjon. I tett samarbeid med Vågå kommune sin ungdomsmedarbeidar, skal dei gi gass og drive tilbodet med mekkeklubb.
Er du eller nokon du kjenner interessert i å vere med? Ta kontakt med ungdomskonsulent Jørgen Vole på jorgen.vole@vaga.kommune.no.
Publisert av Kjersti Frackmann Strass
Sist endret 18.08.2026 15.36