Nye nasjonale krav inneber at meir av avfallet vårt skal kjeldesorterast. For å leggje til rette for dette deler NGR ut nye avfallsdunkar til alle husstandar i eigarkommunane.
Kva dunkar kvar husstand får, vil variere ut frå renovasjonsløysinga og eventuelle samarbeidsordningar. Målet er at meir av avfallet skal kunne materialgjenvinnast, og at mindre skal gå til restavfall.
Du kan dele dunkar med naboen
Husstandar som ønskjer det, kan dele dunkar med ein eller fleire naboar. Det kan redusere talet på dunkar og utnytte kapasiteten betre.
Dei som allereie deler dunkar, får nye dunkar som er tilpassa samarbeidsordninga.
NGR informerer om kva dunkar du får, korleis utdelinga blir gjennomført, og kva som skal skje med dei gamle dunkane.
Les meir om dei nye avfallsdunkane hjå NGR
Meir sortering påverkar også renovasjonsgebyret
Dei nye krava til kjeldesortering inneber endringar i renovasjonsordninga. Det krev mellom anna nye dunkar, bilar og henteruter, og er ein del av bakgrunnen for at renovasjonsgebyret har auka. NGR informerte om bakgrunnen for auken tidlegare i år.
Renovasjonsgebyret er eit sjølvkostgebyr. Det betyr at gebyret berre skal dekke kostnadene med renovasjon, mellom anna henting, transport og behandling av avfall og drift av miljøstasjonar. Ingen skal tene pengar på gebyret.
I tillegg til investeringane som følgjer av den nye renovasjonsordninga, har den statlege CO₂-avgifta på forbrenning av restavfall auka.
God kjeldesortering er derfor viktig – både for å ta vare på ressursane i avfallet og for å bidra til å halde kostnadene nede.
Les meir om bakgrunnen for renovasjonsgebyret hjå NGR