Når internett og telefonen ikkje verker, kan du møte på kommunen sine informasjonspunkt

Bortfall av elektronisk kommunikasjon (EKOM) betyr at du ikkje kan ringe, sende sms, bruke internett eller mobilnett.

Når internett og telefon ikkje fungerer. Kart over informasjonspunkt i Vågå. - Klikk for stort bilde

Ved langvarig bortfall av straum og internett vil kommunen opprette faste oppmøtestader for å få kontakt med hjelpeapparatet og få informasjon om kva tiltak du bør setta i verk og anna naudsynt kontakt med kommunen. 

Primærmøtepunkt for helsehjelp

  • Vågåheimen, Moavegen 11 A, 2680 Vågå. (Telefon: 476 15 700)

Informasjonspunkt

  • Vågå kommunehus, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå. (Telefon: 61 29 36 00)
  • Lalm samfunnshus, Kokkehølvegen 1, 2682 Lalm
  • Coop Marked Randsverk, Fjellvegen 1972, 2683 Tessanden (Telefon: 975 03 081) 
     

Kriseleiinga vil fortløpande etablere andre informasjonspunkt avhengig av hending og omfang.

Elektronisk kommunikasjon (ekom) omfattar tenester og infrastruktur som gjer det mogleg å overføre informasjon via elektroniske signal, som mobiltelefoni, fasttelefoni, internett, breiband og trådlaust nettverk. Ved bortfall kan desse tenestene heilt eller delvis slutte å fungere, til dømes som følgje av straumbrot, teknisk svikt, cyberangrep eller naturhendingar.

Føremålet med informasjonspunktet er å gje innbyggjarane tilgang til oppdatert informasjon frå kommunen når elektronisk kommunikasjon ikkje fungerer. Informasjonspunktet kan òg fungere som ein stad der du kan melde frå om akutte hendingar eller situasjonar som kan formidlast vidare til naudetatane.